AktivitetarAktiviteter i fiskegruppaFlogebinding

Flogebinding

 

Foreininga har ti bindestikker og mykje utstyr som medlemane kan nytta seg av på bindekveldar og kurs.

Vinter 2004 satte vi 
i gong fluebindekurs og fluebindekveldar. Sjå lengre ned på sida for meir informasjon.

 

 

Aktiviteter: felles flogebinding på NUS

  
Velfylt flogeskrin.
  
Den skal tidleg krokast...
  
Flogebindarutstyr me nyttar på kurskvelder.

Populært kurs i flogebitting

18 deltakarar hadde funnet vegen til 2.høgda i turnhallen der SJFF arrangerte den første av i alt tre kurskveldar med flogebitting.  

 

Vidar Lillevik og Rune Westre køyrar professjonelt flogebittingskurs.
  
Georg Hay og Ingvild Arnevik, nøgde deltakarar på SJFF sitt kurs i flogebitting.
   
Vidar Lillevik syner utstyret som vert nytta til flogebitting.
   
Så lita vart artikkelforfattaren si første sjølvbitta floge, ein 'Black Zulu'.
   

Det er ikkje berre lett å få orden på bittestikka i byrjinga, det kan artikkelforfattaren skriva under på. Spesielt når storleiken på eigne hender er noko i det største laget. Ein knøttliten krok skal etter faste reglar kles med trådar i ulike fargar. Det skal klyppast og bittast og klyppast. Rett tråd skal tvinnast bak rett tråd foran. Men gøy er det.

 

Kurshaldarane Rune Westre og Vidar Lillevik kunne på ein profesjonell måte læra opp kursdeltakarane i den edle kunsten. Medan Lillevik batt flogar filma Westre og deltakarane kunne sjå det heile på ein TV-skjerm tilknytta filmkameraet.

 

- Dette var eit bra arrangement, seier Georg Hay, deltakar på kurset. 19-åringen jobbar til dagleg som lærling på Stord, men er opphavleg frå Sogn og Fjordane. Han får nok god bruk for kunnskapen om flogebitting. Den unge mannen kan fortelje at han er ute 3-4 gongar kvar veke på jakt etter fiskeopplevingar.

 

Ingvild Arnevik er også deltakar på kurset. Ho deltok på eit kurs i flogekasting som SJFF arrangerte for to år sidan.

- Eg vonar at eg kan komma meg litt oftare ut med stanga no når eg lærer å bitta eigne flogar, fortel 26-åringen som fiskar mest i sjøen.

 

Deltakarane på kurset fordelte seg ulikt aldermessig frå nyfikne 12-åringar til spreke 60-åringar. Me gler oss til neste kurskveld om ei veka :-).

Felles fluebinding og tackelknyting

Joost Lommelaars | Søndag 8.januar 2012

Montana

 

Kvar mandag fra 11. januar 2017 fra kl. 19.00 fram til  Påske.

 

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhetsbrev
REGISTRER

 

Aktivitetskalender

Kurs, dugnad og aktiviteter i 2017

 

Terminliste

Her finner du TERMINLISTA

for leirduebanen - 2017 

 

Påmelding hund-/ sau kurs
Monica F. Grimstad                Tlf 92430280 email:mofgrim@gmail.com

 

Fiskerapport
Sjå fakta  <"))))>< ...

 

Jaktrapport
Sjå fakta...

 

Fiskeravgift

FISKERAVGIFTEN

 kan du betale her

 

Jegeravgift

Jegeravgiften

kan du betale her

 

Tips oss!
Send ein e-post om du har eit tips om noko vi bør skriva om...

 

 

     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Logg inn