AktivitetarAktiviteter i fiskegruppaFlogekastekurs

Flogekastekurs

SJFF har halde fleire kurs i fluekasting opp gjennom åra.

Kasting med einhands flogestang
Til desse kursa har me fleire ganger leigd inn innstruktørar frå Bergen eller Oslo, men no har me omsider tatt det steg og utdanna to eigne instruktørar, Arne Lysen og Vidar Lillevik.

Desse to kan halda kurs i kasting med einhands fluestang, og  læra deg masse om stenger, sneller, snører og sjølvsagt kasting. Rullekast, speykast, underarmskast, presentasjon, leeeengdekast.... DU setter grensene.

Dersom du ikkje har eigen stang og vil testa litt forskjellig før du kjøper kan du her få prøva SJFF sine eigne stenger. Det kan vera ein fordel å vita litt før ein investerer i nytt utstyr. Foreininga har fire komplette fluestenger som medlemmene kan nytta på kurs og foreningsturar.

SJFF har ikke planlagt kastekurs nå men følg med på nettsidene eller noter e-post adressa di for nyhendebrev så får du dato for kurs direkte heim på din eigen PC.

Kasting med tohands flogestang

Dersom mange viser interesse for eit slikt kurs skal me sjå kva me får til.
Høyrest dette interessant ut så ta ein telefon til oss i fiskegruppa så me får settja dåke opp på liste og "lodde interessen" for eit slikt arrangement.

OBS: Medlemmer i SJFF vert prioritert.

 
Flogekasterjente med fin teknikk.
 
Flogekastekurs i Ådlandsvatnet.
 
Mange nøgde deltakarar på kastekurset i SJFF-regi.
Logg inn