NyttFiskerapport
Joost Lommelaars | Tirsdag 14.desember 2010

 

 

Isfiske på Dåfjorden

Sola skein og fisken beit då Fitjarposten tok ein tur ut på Dåfjord-isen søndag.

Kjetil Rydland Publisert: søndag 05. desember 2010

 

  •  Jacob Jordåen Molvik og Ro  bin Eriksen med fiskestenger. I bakgrunnen Rydlandsskogen. Foto: Kjetil Rydland.
  •  Ivar Molvik må hogg  a større hol, så ikkje neste fisk blir hekta av. Foto: Kjetil Rydland.
  •  Isfiskar Mats Tran .øy ser ut til å kosa seg på Dåfjorden. Foto: Kjetil Rydland.
  •  Denne heldt ikkje minstem  ålet og måtte ned att i det kalde holet. Foto: Kjetil Rydland.
Joost Lomme  laars drar opp den eine kvitingen etter den andre. Foto: Kjetil Rydland

 

Nokre få ivrige fiskarar hadde funne vegen ut på fjorden i dag då me kom forbi. Rett utanfor Lønevågen møtte me på to unge isfiskarar, Jacob Jordåen Molvik og Robin Eriksen. Dei hadde fått eit par fiskar då me snakka med dei, men den eine var så stor at han blei hekta av i holet. Dermed måtte pappa Ivar Molvik hogga større hol. Vonleg har det gitt resultat utover dagen.

Lenger sør, og nærmare Dåfjordbrua, møtte me to litt meir rutinerte isfiskarar. Joost Lommelaars hadde fått både hyse og makrell før me kom, og rett framfor augo våre drog han opp fleire kvitingar. Rett nok var den eine for liten, og blei sendt rett ned i holet att. Ved sida av Lommelaars sat Mats Tranøy, som har fått storfisk på Dåfjord-isen før. I januar i år drog han opp ein torsk på 9,8 kilo på røyestonga si. Den største han kunne visa til i dag, var ei hyse på 2,6 kilo, og elles hadde han fått småsild og kviting. 

Begge to fortel at det er torsk dei har mest lyst på. Men fangsten i dag var ikkje så verst, og kanskje fekk dei juletorsken etter at me måtte gå frå dei?

 

 

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhetsbrev
REGISTRER

 

Aktivitetskalender

Kurs, dugnad og aktiviteter i 2018

 

Terminliste

Her finner du TERMINLISTA

for leirduebanen -2018

 

Påmelding hund-/ sau kurs
Monica F. Grimstad                Tlf 92430280 email:mofgrim@gmail.com

 

Fiskerapport
Sjå fakta  <"))))>< ...

 

Jaktrapport
Sjå fakta...

 

Fiskeravgift

FISKERAVGIFTEN

 kan du betale her

 

Jegeravgift

Jegeravgiften

kan du betale her

 

Tips oss!
Send ein e-post om du har eit tips om noko vi bør skriva om...

 

 

     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Logg inn