NyttJaktrapport

Full klaff på gruveterrenget

Onsdag 14.april 2004

Etter mange år utan å nå fram i loddtrekninga om hjortejakt i gruvene, fekk eg tildelt ei veke i 2003 og var lukkeleg over det. Eg var blodtørst og gjorde meg kjent i terrenget utover seinsommaren og tidleg haust....

 

Tidleg i august var eg saman med resten av dei heldige i loddtrekninga og gjekk opp grensene mot nabovaldet på Litlabø. Dette var ein lærerik tur og det vart også observert ferske spor. Det var likevel ein annan del av terrenget som interesserte meg meir. Det var den delen som grensar ned mot Rutle.

På min første rekogniseringstur på seinsommaren oppdaga eg ein mykje brukt hjortetråkk. Då mi tildelte veke i jakta starta var eg lukkeleg og til dels overraska over at tråkket framleis var i flittig bruk. Jaktkameraten som eg samarbeida med hadde hug til ein annan del av terrenget, nemleg Fureåsdammen og kringliggjande område. Her vart det observert mykje dyr, men han hadde _utur_ og kom ikkje til skotsjanse.


På den andre sida fekk eg hug for nemde del av valdet og dette passa bra for oss begge.

 

Me kunne jakta på kvar vår kant utan å uroa kvarandre eller kvarandre sine dyr. Eg bestemte meg for å nytta den jaktmetoden som eg har hatt mest suksess med tidlegare, nemleg posteringsjakt. Dagen med fullmåne skulle visa seg å gje full klaff. Denne kvelden var det klarver og det vart brukande lystilhøve for den nyinnkjøpte tyskeroptikken. Med den hadde eg hadde felt eit dyr i Sveio tidlegare på hausten og visste at den fungerte bra i skumringa.

 

For min del vart det no eller aldri for denne type jakt på valdet og eg smurde meg inn med eit ekstra lag med tolmod. Etter ein del timar på post høyrde eg noko _tasling_ i skogen. Nervene var i heilspenn og eg var på _høgget_. Like etter åpenbarte ei kolle seg i kanten mellom skogen og myra. Eg løfta børsa i opp i stilling og fann dyret att i kikkerten. Eg lot peikefingeren auka trykket mot avtrekkjaren. Skotet gjekk og eg vart litt _forfjamsa_ av munningsflammen menn rakk å sjå at dyret sank i myra.

 

Eg vart sitjande ei stund for å lytta og sjå etter ein eventuell kalv i fylgje med kolla. Under utvomminga såg eg at kolla ikkje hadde mjølk i juret så ventinga på kalv var fånyttes.

 

Det vart full klaff på gruveterrenget. Alt slitet eg hadde med å få ut skrotten har eg gløymd i lykkerusen etter å ha fått ei slik uttelling. Eg synest modellen jaktgruppa valde med å la fleire jegrar sleppa til med kvar sine veker var bra. Då er ein sikra at terrenget vert nytta. Det vert ikkje liggjande ubrukt i store delar av jakttida slik tilfellet har vore når kun ein har hatt jakta.

 

 

Skrive av Kristian Pedersen.

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhetsbrev
REGISTRER

 

Aktivitetskalender

Kurs, dugnad og aktiviteter i 2018

 

Terminliste

Her finner du TERMINLISTA

for leirduebanen -2018

 

Påmelding hund-/ sau kurs
Monica F. Grimstad                Tlf 92430280 email:mofgrim@gmail.com

 

Fiskerapport
Sjå fakta  <"))))>< ...

 

Jaktrapport
Sjå fakta...

 

Fiskeravgift

FISKERAVGIFTEN

 kan du betale her

 

Jegeravgift

Jegeravgiften

kan du betale her

 

Tips oss!
Send ein e-post om du har eit tips om noko vi bør skriva om...

 

 

     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Logg inn