SJFF-gruppeneJaktgruppa

Jaktgruppa

 

Leiar: Kristian Pedersen 46400962 / 53411026

 

Jaktgruppa i Sjff er samansett av jegerar med forskjellige jakt interesser , men er delt i to hovud deler: Hare/småvilt og hjort/storvilt, dette er naturleg då desse viltartane er dei som er lettast tilgjengeleg for medlemmene våre , men det må ikkje gløymast det potensiale me har når det gjeld sjøfugl og gåsejakt me har også moglegheit til seljakt.

 

Harebestanden har tidlegare vore svært god ,men dei siste åra har bestanden gått mykje tilbake, grunnane til dette er litt usikre ,men nokre jegerar bør kanskje redusera uttaket av hare på visse terreng (dette gjeld jakt med hund) nokre stader vert terrenga _støvsuga_ for hare og det tek tid før bestanden tek seg opp igjen, ein annan grunn kan vera harepest (tularemi).

Me vi oppfordra jegerane til måtehald.

 

Skogsfugljakt har lange tradisjonar her på øya og det er gledeleg at bestanden av orrfugl har teke seg opp dei siste åra, fredinga av orrhøna har ført til ei god auke i stamma og orrfugljakt er vel den småviltjakta som omfamnar flest jegerar her på øya.

Tiur/røy og rype er totalfreda her på Stord.

 

Hjort er det einaste klauviltet me har på Stord, det vert delt ut ca 80 fellingsløyvar her på Stord kvart år , trass i god avskyting ser det ut til at stamma framleis er i ein viss vekst, Sjff disponerer to hjorteløyvar på gruve eigedommen og desse vert fordelt mellom medlemmene , slik at flest mogleg skal få høve til å prøva seg som hjortejeger i _eigen_ skog, fyrstegongsjegerar har føremonsrett.

 

Sjøfugl jakt er merkeleg nok ei lite utbredd jakt her på Stord, storskarven er eit skikkeleg bytte og den er sky og vanskeleg å komma innpå, men brukar du god kamuflasje og lokkeskarvar har du svært gode høve til å få felt eit par av desse tungvektarane.

Det finnes også mange dykkendar det er jakt på.

Om hausten er det og mulig å jakte grågås og kanadagås fleire stader i distriktet.

 

NB! Hugs å avtala med grunneigar før du tek deg i land på holmar og skjer for å jakta.

 

Sel jakt er også ei jakt som krev mykje av jegeren , ein treng lisens for å driva jakt på Havert som er av dei største selane me har , det er ikkje uvanleg med vekter rundt 300 kilo for eit vakse dyr, det er mogleg det vert opna for jakt på steinkobbe , men me er då avhengig av at me får innmeldt observasjonar av kobbe i distriktet av dei som har sett sel (når/kvar)

 

For å jakte sel må ein ha avlagt storviltprøven med rifle og å ha søkt om lisens hos fiskeridepartementet, søknadsskjema finn du her:

Skjema

 

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhetsbrev
REGISTRER

 

Aktivitetskalender

Kurs, dugnad og aktiviteter i 2017

 

Terminliste

Her finner du TERMINLISTA

for leirduebanen - 2017 

 

Påmelding hund-/ sau kurs
Monica F. Grimstad                Tlf 92430280 email:mofgrim@gmail.com

 

Fiskerapport
Sjå fakta  <"))))>< ...

 

Jaktrapport
Sjå fakta...

 

Fiskeravgift

FISKERAVGIFTEN

 kan du betale her

 

Jegeravgift

Jegeravgiften

kan du betale her

 

Tips oss!
Send ein e-post om du har eit tips om noko vi bør skriva om...

 

 

     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Logg inn