SJFF-gruppeneLeirduegruppa

Leirduegruppa

Leirduebanen vår ligg på Isdal. Banen har akustisk anlegg og overbygde standplassar.

 

 

Leiar leirduegruppa

Rune Vorland
T.40108632

 

 

 

Leirduegruppa er ei undergruppe av SJFF som har ansvar for drift og vedlikehald av leirduebanen samt oppsett av terminlister.

 

Leirdueskyting er ein kjekk og spennande sport. Det er veldig få krav for og delta, og det er berre og møte opp og prøve. 

 

Skytinga: tider og sesongen
Det har vert eit aktivt miljø i mange år, der me reiser rundt på stemner i distriktet og større nasjonale stemner. Det blir skote omlag 20.000 skot i sesongen.

 

Det er skyting onsdag og laurdag, onsdagane  og laurdag er det treningsskyting. Banen er open onsdag fra kl 17.00 og laurdag frå kl 14.00.

 

Vårsesongen startar i Mars og haustsesongen startar i august. Terminlistene vil bli lagt ut på nettsida vår.

 

Instruksjonskyting
Som ein del av tilbodet til Stord Jeger og Fiskerforrening har Leirduegruppa instruksjonskyting på leirduebanen på Isdal. Dette er eit tilbod til nye og erfarne jegerar samt leirdueskyttarar. Det er og eigne jente / dame kveldar, desse vert avtalt på førehand.

 

Kursa går vanlegvis på torsdagar kl. 17.00, men oppstart vert annonsert på nettsidene våre.Me startar vanlegvis opp i april og held fram til oktober, men har ein stans på ca. ein mnd. i ferietida.

 

Kursa startar med ein kveld med teori og å læra våpenet og kjenna. Deretter blir det skyting med rettleiing frå instruktørar på leirduebanen.

Me kan og gi råd om våpentilpassing. Kursa er gratis, ein betalar berre for duer og skot. Det også høve til å få låna våpen i foreningen.

 

De er velkomne til eit lett og triveleg miljø.

 

Stordmeisterskap

Gruppa arrangerer eit lokalt Stordmeisterskap i slutten av August. Dette er ei fin avslutning på sesongen der ein kan visa fram ferdighetar ein har opparbeida seg iløpet av sesongen.

 

Her er årets Terminliste:
Terminliste 2017

 

For meir informasjon kan ein gå inn på dei forskjellige aktivitetane for Leirduegruppa. 
Aktiviteter Leirduegruppa

 

 

Sjå også vår facebook side.

 

SJFF sin leirduebane på Isdal.

 

Jentekveld på Isdal.

Stordmeisterskap 2010

 

Stordmeisterskap 2016

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhetsbrev
REGISTRER

 

Aktivitetskalender

Kurs, dugnad og aktiviteter i 2017

 

Terminliste

Her finner du TERMINLISTA

for leirduebanen - 2017 

 

Påmelding hund-/ sau kurs
Monica F. Grimstad                Tlf 92430280 email:mofgrim@gmail.com

 

Fiskerapport
Sjå fakta  <"))))>< ...

 

Jaktrapport
Sjå fakta...

 

Fiskeravgift

FISKERAVGIFTEN

 kan du betale her

 

Jegeravgift

Jegeravgiften

kan du betale her

 

Tips oss!
Send ein e-post om du har eit tips om noko vi bør skriva om...

 

 

     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Logg inn