SJFF-ressursarFiskevatn

Fiskevatn på Stord

Det er masse fiskevatn med fisk på Stord, men diverre mykje smålaten fisk. Under har vi eit par tips til den nysgjerrige fiskar.    

 

 

Tysevatnet
Dette er drikkevatnet til Stord Kommune, det er eit oppdemd vatn med mykje vikar og sund. Her er det mykje småfisk som jo er kjempegodt på steikepanna og sjansen for å få litt større fisk er absolutt til stede! Dette vatnet egnar seg til sluk og spinnar. Me har båt, garn og hytta til utlån ved dette vatnet, sjå SJFF- ressursar! Dette vatnet egnar seg godt til fiske for born, det er lett å få fisk og fint å gå langs bredda, særs på austsida av vatnet. Det er viktig at lånarane gir oss beskjed dersom garna er i ustand, me vil då forsøka å fiksa dette så fort me kan! Meld frå omtapt utstyr!

 

 

Aravatn
Frå gamalt av var dette vatnet Stordafjellet sin stolthet, det var mykje fin fisk her før og det er ikkje gytebekkar rundt. Det hadde ikkje vore vanskeleg å fått dette vatnet opp til det det eingong var, dersom nokon er interessert i å gjenskapa dette vatnet ta då gjerne kontakt med oss i fiskegruppe så skal me leggja til rette så godt me kan!  Dette vatnet egnar seg godt til ein tur med slukstanga.

 

 

Hovtrongsvatnet
SJFF har satt opp eit oppgongshinder i gytebekkjen som kjem inn i vatnet. Dette er eit lite vatn som krev minimalt med arbeid for å få opp snittet på fisken. Me i fiskegruppa sett stor pris på om brukarane av Budalshytta også bidrar med utfisking av Hovtrongsvatnet. Snittet i dette vatnet er på veg opp! Det hadde vore kjekt om me saman kan få til dette vatnet, det er eit spennande vatn å fiska i. Fisken er spesiell fordi den kjem i utgangspunktet frå Austevoll.   
Her egnar det seg for den som vil prøva seg på fluefiske og ikkje så godt til slukfiske fordi det har vorte ein del gras her.  Me har ein aluminiumsbåt til utlån i dette vatnet, sjå sidene til SJFF- ressurs!

Budalsvatnet
Her er det lett å få fisk, men mykje småfisk som egnar seg best til steikjepanna. Her har me hytta, båt og garn til utlån, sjå SJFF- ressurs.  Det er viktig at lånarane gir oss beskjed dersom garna er i ustand, me vil då forsøka å fiksa dette så fort me kan! Meld frå omtapt utstyr!

 

 

Storavatnet på Litlabø
Her har me båt og garn til utlån. Båten og garnbua ligg på Nysæterneset (garnbua heng på pumpehuset til kommunen), sjå kart under! I dette vatnet får me mange rapportar om fin fisk, er ein heldig kan ein få fisk på oppunder kiloet. Dette vatnet egnar seg best til garn, det er vanskeleg å få fisk på stong. Ein kan også fiska i utløpselva, her kan ein få oppdrettslaks. Det er ikkje naturleg laksestamma i vatnet. Fiske er tillat heile året.

 

Bilder frå fiskevatn frå Stord

Frå Tysevatnet på Stord.

 

 

 

Frå Aravatnet på Stord.

 

 

 

Frå Hovtrongsvatnet på Stord.

 

 

(SJFF si hytte i føregrunnen)

Frå Budalsvatnet på Stord

 

Ein flott fangst etter ei natts garnfiske i Storavatnet på Litlabø.


Kart til garnbua i Storavatnet på Litlabø. Leie kr.25 medl./kr. 100 ikke medl.

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhetsbrev
REGISTRER

 

Aktivitetskalender

Kurs, dugnad og aktiviteter i 2017

 

Terminliste

Her finner du TERMINLISTA

for leirduebanen - 2017 

 

Påmelding hund-/ sau kurs
Monica F. Grimstad                Tlf 92430280 email:mofgrim@gmail.com

 

Fiskerapport
Sjå fakta  <"))))>< ...

 

Jaktrapport
Sjå fakta...

 

Fiskeravgift

FISKERAVGIFTEN

 kan du betale her

 

Jegeravgift

Jegeravgiften

kan du betale her

 

Tips oss!
Send ein e-post om du har eit tips om noko vi bør skriva om...

 

 

     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Logg inn