SJFF-ressursarHytter

Steinhytta er opna med snorklipping og tale!

Mandag 24.april 2017

 

 

 

 

Søndag 23. april kl 12 klipte leiaren i Stord Jeger- og Fiskerforening Karina Stokke Mæhle snora, og ho delte ut ros til alle som hadde vore med på dugnad på hytta. Hytta er ferdig, og Sjur S. Leivestad som har vore byggjeleiar, fekk gåve og gode ord for innsatsen. 17 personar hadde teke vegen opp Tyseskaret, ned til Tysevatnet, langs vatnet og bort til hytta for å vera med på opninga av hytta. Det vart servert spekemat og kaffi. Etterpå var det middag på Fjellstova for inviterte gjester.

 

 

 

 

 

  I 1979 fekk Stord Jeger- og Fiskerforening overta ei hytte i søre enden av Tysevatnet på Storafjellet. Hytta ligg i ein dal eit par hundre meter frå vatnet i Tysebotnen. Ho har i alle år vore flittig brukt i samband med jakt og fiskestell m.m.

Etter kvart vart hytta gammal og sliten, og i 2010 vedtok Stord Jeger- og Fiskerforening at dei ville prøva å få på plass ei ny hytte.

 

Hytta er på plass i 2015 og Sjur S. Leivestad og co. kan starta ferdiggjeringa.

 

 

Steinhytta under bygging med dugnadsgjeng

 

I september 2016 kunne byggjeleiar Sjur S. Leivestad slå fast at hytta var ferdig slik at folk kunne vera der. Hytta er koseleg, med kjøkkenkrok med dekketøy, gasskomfyr og ved til omnen, opphaldsrom med 6 sengeplassar, matbord framfor vindauga med utsikt sørover Tysevatnet. Det høyrer båt med til hytta og fleire garn.

 Stord Jeger- og Fiskerforening vonar at hytta vert flittig brukt både av jegerar og fiskarar. Foreninga ynskjer også at alle som er glade i å vera i fjellet, vil ta ho i bruk, gjerne familiar med barn slik at dei kan oppleva gleda av å vera ute i naturen. 

 

Tekst: Atle Bjørn Mæhle

 

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhetsbrev
REGISTRER

 

Aktivitetskalender

Kurs, dugnad og aktiviteter i 2017

 

Terminliste

Her finner du TERMINLISTA

for leirduebanen - 2017 

 

Påmelding hund-/ sau kurs
Monica F. Grimstad                Tlf 92430280 email:mofgrim@gmail.com

 

Fiskerapport
Sjå fakta  <"))))>< ...

 

Jaktrapport
Sjå fakta...

 

Fiskeravgift

FISKERAVGIFTEN

 kan du betale her

 

Jegeravgift

Jegeravgiften

kan du betale her

 

Tips oss!
Send ein e-post om du har eit tips om noko vi bør skriva om...

 

 

     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Logg inn