SJFF-ressursarHytter

Steinhytta ei perle i Storafjellet

Tirsdag 27.september 2016

 

 
 

 Søndag 25. september kunne byggeleiar Sjur S. Leivestad fornøyd konstatere at Steinhytta

er klar for nye gjester i Storafjellet.

Det er blitt gjennomført ein formidabel innsats med å bygge den nye hytta, og resultatet er blitt ei

koseleg og praktisk hytte med plass til 6 personar. I hytta er det dekketøy, gasskomfyr og ved.

Dei fyrste gjestene tek i bruk hytta allereie første jakthelga, og vi håpar at hytta blir flittig brukt av

både jegerar, fiskarar men også barnefamiliar og andre som ønsker å oppleve Storafjellet.

Båten som høyrer til hytta ligger ved Vaulane i Tysevatnet.

Reservasjon av hytta og nøklar er hos Intersport (Sykkel og Sport) på Heiane.

Igjen ein stor takk til alle som har delteke på dugnad, sponsorar og ikkje minst Sjur S. Leivestad.

 

 

Dugnadsgjeng søndag 27.sept frå venstre:

Marit Skard, Karina S. Mæhle, Olav Grimstad, Sjur S. Leivestad, Ole Christoffer Laastad, Kjersti Ottesen, Silje Erstad, Monica Grimstad.

Hanne Tjelmeland og Ole Christian Kvamme er ikke med på bilde.

 

 

Logg inn