SJFFHistorie

Litt historisk frå foreninga

 

SJFF vart stifta i den 14.november 1949. Litt kuriøst var faktisk namnet i byrjinga Arbeidernes Jeger og Fiskerforbund. Med tida vart namnet endra til dagens. Foreninga starta opp på Litlabø/Sagvågsområdet, og dei fleste aktive medlemmene var ungdom frå dette området. Foreninga var ikkje då større enn at alle hadde verv og oppgåver.

 

 

Primus motor i foreninga var i mange år Robert Buchvold, foreninga vart faktisk på folkemunne i dei første åra kalla Robert-foreninga.

 

Dei første åra jobba ein mykje med utreinsking av bekker, slik at fisken sjølv kunne komme seg frå sjøen til gyteområda lengre oppe. Foreninga engasjerte seg i fiskeoppsyn. Det føregjekk mykje harejakt.

 

Ein søkte om stønad frå Stord Kisgruber til finansiering av hyttetomt og fekk kr 10.000. Veftsdirektøren kunne seinare bidra med ein brakke som riktignok trengte litt reparasjon. Etterkvart fekk ein bygsla hyttetomt i Dåfjorden og brukte tid på oppussing av andre hytter som vart brukt av foreninga. Det vart jobba mykje med inntektbringande arbeid, der mellom anna loddsal, og dansetilskipingar ga inntekter.

 

I 1956 figurerar for første gang Leirvik-namn i foreningen sine møtereferat og fleire medlemmer kom til. Foreninga jobba i slutten av femtiåra med fisketrapp i Frugårdsosen. Årsmøtereferat fortel om så mykje som 47 ulike personar som hadde verv i foreninga. Her har me med andre ord i dag noko å jobba mot.

 

I 1959 valte foreninga å gå inn under Norges Jeger og Fiskerforbund. Det vart i 1960 utarbeida avtaleutkast om fiske og fiskestell i samarbeid med grunneigarane på Stord. Dette utkastet fekk skryt av NJFF og vart anbefalt brukt av andre JFF'er i Norge.

 

I 1963 vart det for første gang valt ein ny formann etter Robert Buchvold. Dette vart Johannes Tufteland. I 1956 vart 56 namn listeført i ulike verv.

 

Foreninga sleit med aktivitetene frå 1964 og nokre år frametter.

 

(Me jobbar med å henta inn meir tekst...)

 

Leiarar i SJFF:

 

Robert Buchvold

Johannes Tufteland

Harald Belsvik

Gunnar Askeland

Arne Berger

Olav Hellesfjord

Steinar Myklebust

Arne Akselsen

Knut Ove Øgård

Erik Lindskog

Vidar Lillevik

Anneli Mæhle

Ole Reinert Eskeland

Karina S. Mæhle

   Tidlaus kveld med kaffikoppen ved eit fiskevatn.

Boklanseringa 02.des 2018

Tirsdag 4.desember 2018

 

70 år med jakt og fiske!

JUBILUMSBOKA TIL SJFF

Onsdag 21.november 2018

 

Jubileumsboka til SJFF

 

LANSERING AV JUBILUMSBOKA TIL SJFF

Onsdag 21.november 2018

 

 

 

VELKOMEN TIL LANSERING AV JUBILUMSBOKA TIL SJFF
SØNDAG 2. DESEMBER KL.1800 PÅ NORDBYGDO UNGDOMSKULE
- Forfattar Atle Bjørn Mæhle presenterer boka
- Kaffi/ kake
- Sal av bøker

 

Jubileumsbok_SJFF_70_ar.pdf

 

Logg inn