SJFFHistorie

Boklanseringa 02.des 2018

Tirsdag 4.desember 2018

 

Ein haustkveld i 1949 møttest 6 karar på kafeen på Litlabø og skipa Stord Jeger – og Fiskerforening.

I høve 70 årsjubileet har Atle Bjørn Mæhle samla inn stoff og bilde, ordna det for arkivering og skrive ei flott bok.

-Du gjer dette på dugnad. Kvifor?

-Eg gjer det av interesse. Eg tykkjer det er viktig å ta vare på historia til lag, organisasjonar og institusjonar i eit samfunn. Dei er ein del av historia om korleis dette samfunnet har vakse fram. Det er lett å gløyma kor viktige dei er for lokalsamfunnet, og kor mykje arbeid folk legg ned frivillig og på dugnad t.d. i idrettslag, i jakt og fiskerforeningar, i husflidlag, i speidaren, i turlaget for å nemna nokre.

Jubileumsboka «70 år med jakt og fiske» vart lansert søndag kveld på Nordbygdo ungdomsskule. Det var mange interesserte som fekk høyra forfattaren fortelja om korleis boka hadde blitt til. Han takka styret i SJFF, alle som hadde sendt inn stoff og bilde, Bladet Sunnhordland for god hjelp og Morten Håland i Bladet Tysnes som hadde redigert boka.

 

I boka fortel Atle Bjørn Mæhle historia til laget frå starten i 1949 til årsmeldinga for 2017.

Han fortel at han har funne mange forvitnelege historier, og han har med ei mengd bilde. Mange vil kjenna seg att. Han fortel særskild om leiarar og sentrale personar i laget, og han har tatt meir grundig føre seg 4 tema: Fiskegruppa, Jaktgruppa, Hytter og tomter og om Ålefangst i Storavatnet. Det siste temaet er ei forteljing om korleis eit lag må nytta både fantasi og kløkt for å tena pengar i lagskassen.

Laget har hytte ved Tysevatnet, ved Budalsvatnet og disponerer hytte på Husøya, den siste i samarbeid med Velforeninga i Stord kommune (Stord Ve og Vel). Hyttene er flotte å bu i. Både medlemmer i SJFF og folk flest kan leiga dei for ein billeg penge.

Atle Bjørn Mæhle seier at boka vil vera ein ypperleg julepresang, særleg for folk på Stord, folk som har budd på Stord eller vakse opp her. Mange vil finna kjende stader, seg sjølv og andre kjentfolk i teksten og på bilda.

 

 

 

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhetsbrev
REGISTRER

 

Aktivitetskalender

Kurs, dugnad og aktiviteter i 2018

 

Terminliste

Her finner du TERMINLISTA

for leirduebanen -2018

 

Påmelding hund-/ sau kurs
Monica F. Grimstad                Tlf 92430280 email:mofgrim@gmail.com

 

Fiskerapport
Sjå fakta  <"))))>< ...

 

Jaktrapport
Sjå fakta...

 

Fiskeravgift

FISKERAVGIFTEN

 kan du betale her

 

Jegeravgift

Jegeravgiften

kan du betale her

 

Tips oss!
Send ein e-post om du har eit tips om noko vi bør skriva om...

 

 

     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Logg inn